Om Atriumhagen

Eit atrium er eit ope parti i midten av et hus. Utvikla som fast element i romerske by-einebustadar, der atriet delvis var overdekka av framskote takflater på alle sider, og var forsynt med eit oppsamlingsbasseng for regnvatn i midten. Atriet var det viktigaste rommet i italienske hus i oldtida. Opphaveleg bestod bondehusa då av eitt rom, atriet, som både var daglegrom og staden ein åt og sov. Her kokte ein maten, og her ofra ein til gudane. Atriet fekk luft og lys frå ei opning i taket. Seinare byrja ein å legge til rom rundt, som fekk lys og luft frå atriet. I romersk keisartid, var atriet rommet der ein tok imot gjestar.

Vi har ikkje tenkt å legge føringar for bruken av atriet ditt. Du skal få bruke det til akkurat som du vil.

Di eiga verd

Meir enn nokon gong treng vi ein stad å dyrke vårt indre rom. Ei frisone, der du kan bruke tid på det som er viktig for deg. Familie. Venner. Åleinetid. Ein stad å trekke seg tilbake til – eller dyrke fellesskap (eller grønsaker for den saks skuld). Alle hus treng gode rom. Det trur vi så sterkt på at vi skapte eit ekstra rom til alle dei tolv husværa i Atriumhagen. Alle får sitt eige atrium.

I eit atrium får du det beste av to verder: Privatlivet, stillheita og roa i eit uterom som gjev ei barriere mot verda rundt deg. Samtidig får du kvalitetane ein søker ut for: Lys, sol og frisk luft.

Vi har skapt eit heit spesielt rom der du og familien din vil trivast. Ein stad å trekke seg tilbake til. Den perfekte staden for seine kveldar i gode venners lag, eller tidlege sommarfrukostar. Her kan du nyte ei god bok – eller noko godt frå grillen.

Gjennomtenkt

Ein moderne, god bustad har plan- og interiørløysingar som gjer livet enklare. Difor har vi har planlagt romslege hus, på høvesvis 120 og 140 kvadratmeter, med løysingar som familiar har behov for. Husværa får parkering i carport, og på framsida av husa er det lagt opp til overbygg, som blir ein fin plass å parkere sykkelen. Den trur vi kjem til å bli brukt flittig – så det er greitt å ha den klar. Atriet skaper eit fantastisk, skjerma uterom, der du vil trivast.

I tillegg til atriet har alle husværa eigen takterrasse i andre etasje.

Det seiest ofte at det er det indre som tel, men vi har likevel valt å gjere litt ekstra ut av det ytre også. All utvendig kledning i tre får den varme og vakre tresorten sedertre.

God bukvalitet gir god livskvalitet.

Midt i sentrum

Heimen er viktig for oss. Men sjølvsagt ønskjer vi også å ha eit aktivt sosialt liv, trene, gå turar og møte andre. Når du buset deg i Atriumhagen får du kort veg til dei aller fleste fritids-, kultur-, handels- og idrettstilboda i Førde sentrum. Du går til det meste på 5-10 minutt, og som ein bonus bur du innom bomringen rundt Førde.

Kjøkken og bad

Kjøkkenet er av typen Athena frå HTH-kjøkken, i prisklasse 3/6. Skuffer
med demping og fulluttrekk og softpush skåp. Ein velje mellom fleire ulike frontar. Fritthengande avtrekksvifte heilintegrerte ledspottar under overskap.
Kvitevarer, beståande av platetopp, innbyggingsomn, oppvaskmaskin, kjøl / frys og ventilator frå Siemens.

Bad blir levert med dusjhjørne, servant med to skuffer, høgskap og speglskap med lys i. Begge bad blir levert med golv- og veggflis, vegghengt toalett, dusjveggar og baderomsinnreiing med speglskap. Spottar i tak på begge bada.

Nær gode opplevingar

I Atriumhagen har du nærleik både til naturen og det urbane. Det går skogssti frå Hafstadhagen, gjennom området som på folkemunne kallast cowboyskogen, ein fin arena for born å leike i. Vegen går vidare opp til toppen av trappa på Hafstadkleiva, der den møter stien som går heilt opp til Hafstadfjellet sin topp.

Om ikkje fjellet freistar, er Atriumhagen eit perfekt utgangspunkt for ein gå- eller joggetur rundt i sentrum, eller ein kan spasere til ein kafé for ein kopp kaffi eller noko anna forfriskande.

Du veit at heimen din ikkje er langt unna når du vil heim att.