Arkitekten sine tankar

Atriumhagen er eit bustadområde beståande av 12 bustader i Førde sentrum, Lysthaugen.
Alle husværa får eit skjerma atrium i sentrum av bustaden.
Atriumhagen vender seg vekk frå trafikk og støy, og relaterer seg til sin eigen private sfære – atriet.
Uteromma er intime, private og beskyttande.
Bustadane er bygd opp med ein klar og enkel struktur både i plan og snitt, og gjer orientering lettfatteleg.
Den arkitektoniske tilnærminga er kompakte småskala-volum tilpassa situasjonen.
Bustadane har eit sakleg, pragmatisk og moderne uttrykk, er skjerma i forhold til støy og opne til det grøne og stille.
Bustadane er plassert i to parallelle rekker. Inngangspartia er frå Hafstadvegen og frå intern samleveg i Lysthaugen. Det er parkering og gjesteparkering i felles carportanlegg.
Alle opphaldsromma vender seg mot det stille atriet, som er sjølve hjartet av bustaden.
Christina Kvamme/Xform