No bygger vi Atriumhagen – Førde sitt mest spennande bustadprosjekt

9. februar 2018

No er det byggestart i Atriumhagen. 12 fantastiske bustadar, teikna av sivilarkitekt Christina Kvamme i Xform. Rivingsarbeidet er i gang.

Om du drøymer om å bu i eit hus med spennande arkitektur, i Førde sentrum, utan å uroe deg over støy og trafikk – er Atriumhagen svaret. Dagleg leiar i utbyggar O. Drage Utvikling AS, Jørgen Drage, smiler breitt. Bygginga av drøymeprosjektet hans, Atriumhagen, byrjar no.
– Vi er i gang med riving av eksisterande bygg. Etter planen kan 12 familiar flytte inn i kvar sin fantastiske heim i andre halvår 2019, seier han.
7 bustadar er ledige for sal, fordelt på alternativa 120 og 140 m2. Kvar bustad får to parkeringsplassar i parkeringskjellar, begge 2,5 m breie, romsleg bod på opptil 20m2 og eigen terrasse. Det som gjer bustaden unik er at ein også får eit atrium. Eit skjerma uteområde, der du kan nyte livet utan støy eller innsyn.

Utbyggar og nabo
Sidan Jørgen bur i Lysthaugen er Atriumhagen det første han vil sjå når han går ut døra. Det motiverer vel ekstra til å skape noko fantastisk flott?
– Eg vil møte bebuarane ofte, men vi bygde ut Hafstadhagen også, så eg har vore nabo og utbyggar før, smiler han. –Filosofien vår er at vi alltid skal bygge slik at eg kan sjå folk i auga etterpå. Bustadar som fungerer, er flotte og har høg kvalitet. Det ligg eit ansvar i å bygge heimar. Eit hus står i over 100 år! Det ein leverer må vere vakkert, funksjonelt og varig.

Atriet – din eigen skjerma uteplass
Drage AS levere alltid kvalitet, men Atriumhagen blir spesiell. Det starta med eit ønske om å bygge noko særeige, av særs høg kvalitet.
– Atriumhagen er unik på våre kantar. Kjøparane får ein gjennomtenkt, vakker bustad. Skal ein seinare bu så sentrumsnært, blir det truleg i ei blokkløysing. I bykjerna må ein normalt rekne med støy. Det vil vi at kundane skal sleppe. Difor gir vi dei atriet. Eit uteområde, som er skjerma for støy og innsyn. Eg seier uteområde, men atriet og stova spelar på lag og utfyller kvarandre. Atriet flyt saman med stova til ei særeiga romkjensle. Eit stor, men intimt rom, med spennande bruksområde.

Særs høg standard
Bustadprosjekt er ofte prega av å måtte tenke kostnad/nytte. I Atriumhagen har utbyggar lagt vekk reknearket, og valt materiale og løysingar frå øvste hylle.
– Standarden er veldig høg, både på material og det arkitektoniske. Alt er særs gjennomtenkt. Kundane skal berre trenge å tenke på kvar møblane skal stå, og kva dei vil gjere med atriet. Det er lagt mykje ressursar i å finne dei beste løysingane. Til dømes parkeringskjellar: Det hever kostnaden for utbyggar, men det er ei betre løysing for kundane. Då er det verdt det.

Alt i gangavstand – og mykje sommarsol
Sidan han bur i nabolaget er Jørgen godt kjent i området.
– Nabolaget er trygt og godt å bu i. Her bur det mykje familiar, og ein fin miks av generasjonar. Vi har mange gode leikeområde for born. Mot Hafstadfjellet ligg skogen Cowboy-land, der borna elskar å vere. Vi har leikeplassar, ballbinge og særs kort veg til Klatreparken, Førdehuset og Hafstad Idrettspark. Atriumhagen ligg med cirka fem minutt gangavstand til store delar av sentrum og det meste av fritidstilboda her. Du treng berre bruke bilen når du vil. Vi har ikkje vintersol, men på sommaren er den her til nesten kl. 23.
Det er fantastisk, det er det ikkje mange andre bustadfelt som har. Det er jo på sommaren ein verkeleg nyt livet ute. Vintersola kan ein søke seg til. Langeland er berre 13 minutt unna i bil. Og vegen er kort opp i sola via Bystien, for dei spreke. Skogsvegen startar 50 meter unna Atriumhagen, smiler han.

Her kan du klikke deg gjennom illustrasjonar og drøyme deg vekk. Artikkelen held fram.

Arkitekturspråk for den beviste
Arkitekten i prosjektet er Christina Kvamme frå Xform.
– Det er særs motiverande å teikne og bli utfordra på noko som skil seg ut frå andre prosjekt. Det gjer verkeleg Atriumhagen. Byggherre ønska eit bygg som gir noko utover tradisjonelle bu-kvalitetar. Atriumhagen er eit spennande, utradisjonelt og svært funksjonelt konsept – med eit arkitekturspråk for den beviste. Bustadane er bygd opp med ein klar og enkel struktur, som gjer orienteringa i husa lettfatteleg. Den arkitektoniske tilnærminga er kompakt småskala-volum, tilpassa situasjonen dei blir bygd i. Bustadane har eit sakleg, pragmatisk og moderne utrykk. Her er arkitekturen gjennomtenkt, frå det ytre til det indre.

Din eigen oase
– Største kvaliteten til Atriumhagen er konseptet: Eit sjeldan høve til å bu privat og skjerma i Førde sentrum. Å bu i bykjerna inneberer normalt «støy» frå byen. I Atriumhagen er du skjerma frå dette. Bustadane vender seg vekk frå trafikk og støy, og held seg til si eiga private sfære – atriet, i sentrum av bustaden. Vi skjermar vekk støy, og opnar opp for det grøne og stille. Alle bustadrom vender ut mot det intime, private og beskytta atriet – sjølve hjartet i bustaden. Din private, rolege oase, der berre du og din fantasi set rammene. Du skaper sjølv ditt eige uterom, i harmoni med inne-miljøet, seier ho og luftar moglegheiter.
– Ønskjer du ei meir intim atmosfære, eller at atriet blir teke inn i huset? Ein japanskinspirert hage, eller eit stort utandørs grillkjøkken? Eg vart inspirert av marokkanske riader. Utanfor er det eit yrande, kaotisk liv – så går ein inn ei dør, og der opnar det seg eit privat og rolig paradis.

Dette får du i Atriumhagen

* Mykje sol – når den tel om sommaren
* Romsleg parkeringskjellar, med to plassar på 2,5 m breidde, og ein stor, god bod
* Eigen, skjerma uteplass i form av eit atrium og privat takterrasse
* Du bur innanfor bomringen
* Gangavstand til alle sentrumstilbod
* Fasade i varmt og vakkert sedertre
* Ekstra takhøgd i første etasje – 2,6 m
* Store vindaugsflater mot atriet
* Store soverom og stort kjøkken/stoverom
* Høg kvalitet på materialval
* Vassboren varme i alle golv, oppe og nede

Sivilarkitekt Christina Kvamme har teikna Atriumhagen.